Søk i samlingen

Søkeord:   

Hva skjer i biblioteket?

Inspirasjon

  • Denne omtalen mangler bilde, så dette brukes som erstatning
    Ein indisk landsby nær grensa til Pakistan er åstad for handlinga i denne romanen. Her har dei ulike folkegruppene i alle år levd side om side som gode naboar. Men, året er 1947, staten Pakistan er nettopp stifta, konflikten mellom muslimar og sikhar/hinduar er blodig. Og konflikten nærmar seg ubønnhørleg den vesle, fredelege landsbyen.
  • Denne omtalen mangler bilde, så dette brukes som erstatning
    er boka for den som likar «hyggeleg» krim og britiske TV-seriar à la «Kriminalinspektør Foyle». Forfattar er Jacqueline Winspear, og dette er den andre boka om privatetterforskaren Maisie Dobbs og assistenten Billy Beale.
  • Denne omtalen mangler bilde, så dette brukes som erstatning
  • Denne omtalen mangler bilde, så dette brukes som erstatning
    Dette er krimboka for deg som likte filmen «Twelve years a slave». Handlinga foregår i New York i 1846 og spinn nettopp rundt kidnappinga av fri svarte som hadde slått seg ned i Nordstatane. Kidnapparane, såkalla «blackbirders» gjorde store pengar på å selje ofra til plantasjane i sør.
  • Denne omtalen mangler bilde, så dette brukes som erstatning
    Tom Erik Sørensen og Trine Søraa har laga guide for byvandring i det historiske Trondheim. Boka er basert på ein reportasjeserie i NRK Trøndelag, og handlar om ein del av vandrerutene dei tok for seg i radioprogramma.
  • Illustrasjonsbilde for omtalen av Under åpen himmel av Jesús Carrasco
    Denne boka las eg så og seie utan avbrekk. Ho saug meg inn frå første setning, og heldt meg i sitt grep heilt til endes. Forteljinga er intenst spennande, eg sat med hjartet i halsen gjennom store delar av boka.
  • Denne omtalen mangler bilde, så dette brukes som erstatning
    Togreiser er nok ei bok for spesielt interesserte, men verkeleg boka for den som likar å utforske verda pr tog, og som ønskjer inspirasjon og tips til togreiser.
  • Illustrasjonsbilde for omtalen av Profetene i Evighetsfjorden av Kim Leine
    Når eg ser tilbake på sommarlektyren eg var igjennom i år, er høgdepunktet absolutt ikkje ei sommarlett «feel-good»-bok. Den boka som gjorde mest inntrykk er den historiske romanen «Profetene i Evighetsfjorden» av den dansk-norske forfattaren Kim Leine.
  • Illustrasjonsbilde for omtalen av Glansbildesamlarane av Jóanes Nielsen
    Denne romanen fortel historiene til Kári, Djalli, Ingimar, Staffan, Fridrikur og Olaf, seks gutar som vaks opp på Færøyane. Det dei har til felles er at dei alle gjekk på katolsk privatskole hos nonnene i Torshavn, og at dei ein periode var ivrige samlarar av glansbilde.
  • Illustrasjonsbilde for omtalen av I dag såg eg to spadar av Hans Sande
    I kunst- og diktboka «I dag såg eg to spadar» dreiar det seg om spadar og andre rustne reiskapar. Og kva kan ikkje skje når kunstnar og forfattar Hans Sande nærmar seg dei utslitne reiskapane og lyttar til dei. Jo, han klarer på forunderleg vis å gjere dei levande. Han omformar dei slitne reiskapane til…

Troms fylkesbibliotek

Sidene er utarbeidet i samarbeid med Troms fylkesbibliotek

Translate »